Om ordningen

Mål for ordninga og målgruppe

Midlane skal nyttast til drift og investeringar i Skjærgårdstjenesten, og gjeld berre for dei faste einingane i Skjærgårdstjenesten langs kysten frå Halden til og med Møre og Romsdal.

Driftsområdestyre (i Oslofjorden og til og med Telemark), kommunar med eiga driftseining i Skjærgårdstjenesten i Agder, dei 4 interkommunale friluftsråda i Vestkystparken (driftseiningar i Skjærgårdstjenesten) og Sunnmøre Friluftsråd (driftsområde Møre og Romsdal) kan søke om driftstilskot.

Kva for tiltak kan få tilskot

Midlane skal gå til å dekke utgiftene til praktisk drift og forvaltning av skjergardsparkar og andre offentleg sikra friluftslivsområde langs kysten, knytt til drifta av Skjærgårdstjenesten i Oslofjorden, på Sørlandet, i Vestkystparken og i Møre og Romsdal.

Med atterhald om eventuelle endringar i forbindelse med Stortingets vedtak av budsjettet for 2021, blir midlane til driftsområda i Skærgårdstjenesten fordelt på følgjande måte i 2021:

  • Ytre Oslofjord Øst (Viken fylkeskommune): 3,035 mill. kroner
  • Indre Oslofjord (Viken fylkeskommune): 3,135 mill. kroner
  • Ytre Oslofjord Vest (Vestfold og Telemark fylkeskommune): 3,275 mill. kroner
  • Telemark (Vestfold og Telemark fylkeskommune): 3,325 mill. kroner
  • Aust-Agder (Agder fylkeskommune): 3,205 mill. kroner
  • Vest-Agder (Agder fylkeskommune): 4,095 mill. kroner
  • Vestkystparken (Vestland fylkeskommune): 4,280 mill. kroner
  • Møre og Romsdal (Møre og Romsdal fylkeskommune): 1,350 mill. kroner

Ei eventuell ny driftseining i Sogn og Fjordane vil i 2021 få midlar direkte frå Miljødirektoratet, etter ei nærare vurdering av behov.

5 mill. kroner av løyvinga er øyremerkt Skjærgårdstjenesten sitt arbeid med fjerning av marint søppel. Desse midlane vil bli fordelt av Miljødirektoratet gjennom ein eigen søknadsprosess i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.

Løyvinga skal også dekke den statlege delen av investeringskostnader knytt til kjøp og reparasjonar av nye arbeidsbåtar, jf prioritering i den vedtekne investeringsplanen.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om driftsmidlar for dei ulike einingane skal adresserast til fylkeskommunen i det fylke som framkommer i oversikten over.

Søknad om driftsmidlar skal innehalde rekneskap og rapport for siste år, og driftsplan og budsjett for kommande år.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 1. februar 2021 for søknad om driftstilskot. Alle søkjarar skal få svar innan 15. april 2021.

Miljødirektoratet kan sette vilkår for bruk av dei statlege driftsmidlane.

Det er ikkje ein eigen søknadsfrist for søknader om investeringsmidlar til nye båtar. Denne tildelinga følgjer ein felles vedteke investeringsplan, og den einskilde driftseining får melding frå Miljødirektoratet etter kvart som det vert aktuelt å starte opp å planlegge innkjøpet. Innkjøpet skjer i samarbeid mellom lokal driftseining og Miljødirektoratet, og følgjer fastsett prosedyre. Miljødirektoratet kan sette som vilkår at staten får ein eigardel i den nye båten. Søknader om statlege midlar til delfinansiering av store båtreparasjonar har heller ingen eigen søknadsfrist. Tiltaket skal om mogleg drøftast og avtalast med Miljødirektoratet før arbeidet tek til. Søknad sendast til Miljødirektoratet med kostnadsoverslag eller kopi av utgifter som vedlegg. Tildeling skjer i samsvar med eigen fastsett nøkkel for kostnadsdeling.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1.februar 2021.

Søknadsarkiv

For søknader levert tidligere, se søknadsarkivet.

Spørsmål og hjelp

Miljødirektoratet legger inn tekst.

Spørsmål om søknadssenteret kan rettes til Miljødirektoratet på e-post esshjelp@miljodir.no eller telefon 951 23 500 (man - fre kl. 10.00 - 14.00).